Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Gå frå Billingen seter og over seterbrua og 300 m på stig mot Steinbrue. Følg umerka stig på vestsida av Føysa til Langevasslågan, og vidare i terrenget fram til Skarvedalsbu 9,7 km.
Skjåk Almenning har utleige av Skarvedalsbue som ligg 500 m nedanfor det nedste vatnet i Skarvedalen. Hytta er 21 m² og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Det innste Skarvedalsvatnet er svært seint isfritt, ofte ikkje før i august. Det er ikkje naturleg rekruttering, men det blir jamleg satt ut fisk.
Det har årleg vore teke stor fisk på 1,5 kg. Det vitnar om god vekst. Det har vore teke fisk på handredskap på vatnet nærast Skarvedalsbue. Elles kan fisken vere vanskeleg å ta på stong.
Rognebærtjønn er eit ypperleg vatn for stongfiske, og Blåbergtjønn for oterfiske. Området er fint for ein rundtur med stong i Skarvedalen, Blåbergtjønn, Rognebærtjønn og Langvatn i Langevasslågan.
Du kan gå vidare i terrenget gjennom Dør og vade elva frå Austre Dørtjønn og fram til Storvassbue.
Skjåk Almenning har utleige av Storvassbue og båt på Storvatnet. Hytta ligg 200 m frå Storvatnet, er på 21 m² og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Det vert sett ut fisk på Storvatnet og andre vatn i området.
Storvatnet er eit garnfiskevatn. Andre vatn i området egnar seg for oter- og stangfiske. Det er stor og fin fisk i heile området. Det er vanleg med fisk over 1 kg. Fisken er raud i kjøtet.
Flott fiske- og turområde med mange moglegheiter for kortare og lengre fisketurar med Storvassbu som utgangspunkt: elva Sponge, Bollvatnet, Dørvatnet, Dørtjønnen, Storvatnet m.fl.
På tur attende kan du overnatte på DNT Torsbu eller Skjåk Almenning si utleigehytte Tverråhytta. Følg så DNT-ruta Torsbu-Billingen attende.
Skjåk Almenning har utleige av Tverråhytta og båt i Tora ved hengebru. Hytta ligg 400 m frå Tora, og er ca. 21 m² og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Det er mange fine fiskeplassar for stongfiskarar i Tora når elva ikkje er flaumstor. Den finaste strekninga er innafor hengebrua. Det er mykje småfisk i Tora, men større fisk på eit nokre hundre meter langt område innafor hengebrua.