Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Kjem du til Florø med båt eller buss kan du ta turen opp til Flora Omsorgssenter der det er mange turmulegheiter. Frå Fugleskjærskaia og Rutebilstasjonen går du til Gjestebrygga ved Quality hotell. Her er det skilta til sti rett opp til turvegane. Alternativt kan du fortsette innover Strandgata frå Gjestebrygga, forbi Turistinformasjonen og til høgre oppover Torggata og Kinnvegen til Flora Omsorgssenter for å komme deg på tur. Herifrå kan du velge om du vil gå rundt Storevatnet, Litlevatnet eller opp på Storåsen, Lilleåsen eller til Sørstrand Folkepark.
Frå Flora Omsorgssenter går du langs Storevatnet bort til Kleivabakken og turskiltet. Her delar turvegen seg og ein del går mot symjehallen Havhesten / Brandsøyåsen, den andre opp Kleivabakken og ned i Båtevika. Du skal ta til venstre ved skiltet og vidare mot høgre på fortau (Fv 548). Då kjem du til symjehallen Havhesten (Innandørs basseng med terapibasseng og treningsmulegheiter).
Det går sti opp til Brandsøyåsen med utgangspunkt i Havhesten: Brandsøyåsen frå Havhesten til Brandsøy Parkering: https://www.ut.no/tur/2.10425/
Turane ligg ute på UT.no med utgangspunkt i Flora Omsorgssenter: Flora Omsorgssenter - Sørstrand Folkepark: https://www.ut.no/tur/2.19220/ Flora Omsorgssenter - rundtur over Storåsen: https://www.ut.no/tur/2.19221/