Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Du starter turen frå Flora Omsorgssenteret. Her er det turskilt med stednavn, retningspil og km. I austre enden av kyrkjeparken er det sti som går inn og ned til stien/grusa turveg langsmed Litlevatnet. Frå Havrenesvegen ved FSK / FTIF klubbhuset og ved Flora Ungdomsskule er det stiar som ledar inn på stien/grusa turveg. På Storåsen er det minner frå krigen som er skilta med informasjonstavle. Det er eit flott utkikkspunkt om du tar stien ut på toppen ved krigsminna. Det er skilta over Storåsen og vidare mot «linken» før du går ned i Soldalen. Her kjem også stien som går frå krysset Havrenesvegen / Nyheimsvegen inn. Den går via "Røverhilleren". Frå Soldalen går du på asfaltvegen ut mot Kinnvegen. Her har du fleire valg. Ta til venstre og tilbake til Flora Omsorgssenter for rundturen.