star
star
star
star
star

Flugestøylen

Flugestøylen er ein fin og kort støylstur, på god sti i relativt lett kupert terreng. Turen passar godt som familietur for dei med små ungar. Vaksne brukar kring 20-30 minuttar ein veg. Koseleg...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 480427
E39 ved Jølstraholmen .Køyr mot øvste gardane over Hjellbrekkefeltet. Skogsveg opp til Flugedalen siste stykket..
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Flugestøylen er ein fin og kort støylstur, på god sti i relativt lett kupert terreng. Turen passar godt som familietur for dei med små ungar. Vaksne brukar kring 20-30 minuttar ein veg. Koseleg støylsplass å raste på. På varme sommardagar er det også fint å bade i elva. Turen til Flugestøylen passar godt som joggeterreng, og for turlystne som skal ut på regntunge dagar. Turen passar også fint som skitur. På våren er dette ein stad der sola kjem tidleg.

Om du ønskjer å forlenge turen kan du velje å gå over til Angedalen i Førde. Du kan også gå på sti mot vest frå støylen, og gå runda vidare mot Hjelmbrekkestøylen. Her går du i lia under fjellrekka som strekk seg ut mot Tynningen før du rundar ned mot Hjelbrekkestøylen, og kjem ned på gardane på nedre Hjellbrekke.