Forbanna kvinnfolk! Ein samtale om kvinner, sinne og solidaritet.

Kvifor er me så redde for sinte kvinner? Sinne er jo unekteleg ein del av den menneskelege erfaringa, men det er få stader ein *ublu kan uttrykkja og visa sinne. Det blir gjerne sett som tap av...
05.mar
-
kl 18:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 851867
Type
Læring
Passer for
Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Onsdag
05/03 2025 kl 18:00
Fjærland Fjordstove Fjærland kai Fjærlandsfjorden
I samarbeid med Tikkio

Detaljer

Kvifor er me så redde for sinte kvinner? Sinne er jo unekteleg ein del av den menneskelege erfaringa, men det er få stader ein *ublu kan uttrykkja og visa sinne. Det blir gjerne sett som tap av kontroll og verdigheit. Samtidig veit me alle kor mykje kraft det kan liggja i raseriet, kor produktivt og inspirerande det kan verka. Kvifor er det då så tabu å visa det fram? Dette gjeld spesielt kvinner. Der menns sinne blir tolka som engasjement, blir kvinner sett som hysterisk. Er det slik at menn snakkar frå levra, medan kvinner taler frå livmora? Med oss for å diskutera denne saka har me tre forbanna flotte kvinnfolk: Olaug Nilssen, Liv Signe Navarsete og Solveig Mork Holmøyvik. Olaug Nilssen er, i tillegg til ein av dei største samtidsforfattarane våre, ei sjølverklært kjeftesmelle. Ho roper gjerne høgt om viktige samfunnsproblem. Liv Signe Navarsete er i dag statsforvaltar i Vestland, men for mange kjende som leiar i Senterpartiet og minister i Stoltenberg II-regjeringa. Om du googlar namnet til Navarsete vil tenesta automatisk foreslå å leggja til til "sint" i resultatlista. Solveig Mork Holmøyvik var ei sint lita jente som vaks opp til å bli ei veloppdregen kvinne. Så vart ho mor og forstod at sinnet berre hadde lege i dvale. Det vart inspirasjonen til boka "Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet". Dette blir ein kveld med mykje humør og temperament! Samtaleleiar: Heidi Bøhagen, dagleg leiar i Stiftinga Den norske bokbyen

Kart