star
star
star
star
star

Førde Rådhus - Korsavegen - Førde Rådhus

Ein flat, lett sykkeltur i Førde sentrum også for dei minste på sykkeltur med vaksne. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar krev merksemd i høve til bilar, gåande og andre syklistar. Start...

Praktisk info

Enjoy-kode: 499138
Førde rådhus ligg midt i Førde sentrum, på sørsida av elva Jølstra. Gangavstand frå det meste.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
3.2 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein flat, lett sykkeltur i Førde sentrum også for dei minste på sykkeltur med vaksne. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar krev merksemd i høve til bilar, gåande og andre syklistar. Start t.d. ved Førde Rådhus som stod ferdig i 2013. Ta over elva Jølstra på Langebrua sitt breie fortau, forbi Sparebanken Sogn og Fjordane og gå av sykkelen på det smale fortauet forbi Bettenhuset fram til fotgjengarovergangen i fylket sitt første lyskryss . Bettenhuset er eit av få større trehus att i sentrum som fortel om ei anna tid i Førde. Sykle på fortauet (på dei gåande sine premissar) forbi Coop sitt Domusbygg, ta til høgre inn Kyrkjevegen. Følg ein av dei eldste vegane i Førde sentrum forbi Førde barneskule og rundt kyrkjegardsmuren ved Førde kyrkje . Gå av sykkelen og kyss over til Hornnesvegen. Når ein no har gått av sykkelen kan ein stogge og sjå ned Garvarhola, der garvaren i si tid garva sine skinn. Følg Hornnesvegen forbi Sjøahola ved landbruksbru og vegen over Indre Øyrane. Her var i si tid Førde sitt sentrum med båtar inn fjorden og opp elva. Det som no er den stille Løken som ser ut til å gro att var i si tid elva Jølstra sitt løp. Det var ein storflaum i (17??) som fekk Jølstra til å møte fjorden ute ved Steinen slik ho i dag gjere. Her i Sjøahola låg både tingstova og skjenkestova. Hald fram på Hornnesvegen til Korsavegen der denne vert følgt vidare til venstre. Ta til venstre når Naustdalsvegen (rv. 5) møtast. Følg gang- og sykkelvegen heile vegen til over Storehagen bru. Ta til venstre og følg Hafstadvegen attende til rådhuset.