Detaljer
Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til førejulskonsert i Bryne kyrkje fredag 20. desember! Det blir utruleg stas å få koma heim til Bryne å spela for kjente og ukjente! Johannes Hetland frå Bryne, arbeider som pianist og musikar i Oslo. Han har spelt med musikarar og artistar som blant anna Alexander Rybak, Adelén, Allen Hinds og Frode Alnæs. For tida er han aktuell med bandet Lava og Teigens Tropper, samt Maria Arredondo og andre musikarar, artistar og kor. Thomas Wesley Brasel frå Hommersåk, arbeider som musikalartist og musikar i Oslo. Han har vore med på fleire store produksjonar i Noreg og Sverige, blant anna som Sky i Mamma Mia på Folketeateret. For tida spelar han i Jesus Christ Superstar på Folketeateret saman med Aksel Hennie, Bjarte Tjøstheim og Ingrid Håvik. Tangenter: Johannes Hetland Song: Thomas Wesley Brasel Bass: Mikal Hole Slagverk: Lars Åge Stavran Lyd: Eirik Bekkeheien Billettar: Vaksen 300,- Student: 250,- Billettar kan kjøpas på Tikkio, og i døra på Vipps. Dører 18:30 Konsertstart 19:30 Me gler oss, og håpar du kjem!
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
20/12 2024 7:00pm