Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Åbortjern/Abborvann i Bærumsmarka er langt mindre besøkt enn Østernvann, og er eit flott mål for både fotturar og sykkelturar. Denne ruta går til fots, stort sett på blåmerka sti.
Start frå parkeringsplassen på Fossum. Følg turvegen/skiløypa eit stykke innover, følg blåmerka sti mot Østernvann når du kjem til eit i kryss etter eit kort stykke. Blåmerkinga kan vere vanskeleg å sjå. Det går også fint å følge skiløypa vidare mot Østernvann. Ved austenden av Østernvann er det fint å ta ein rast eller eit bad, før du følger blåmerkinga vidare mot Åbortjern. Stien går inn i skogen frå grusvegen på austsida av Østernvann. Deretter er det enkelt å følge blåmerkinga heilt til Åbortjern. Blåstien går på grusveg nokre korte strekningar her, men stort sett på sti.
Det er mulig å frå Åbortjern til Årnes (buss), eller å gå tilbake til Fossum.