star
star
star
star
star

Fottur Jutlamannen - Hodndalen - Oftedalen - Ofta

Start på utkjørsla v bru skilta Hønjum. Stort sett god, men noko bratt stølsveg opp til Øy(de)stølen og vidare til fjellstølen i Hodndalen. Fleire gode utsiktspunkt mot øvre deler av Ljøsnagrendi...
Foto: Rolf Engløkk

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 846227
Parkering på lomme på E16 ved Nedre Bjørkum
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Varighet
7 timer
Lengde
14.9 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Start på utkjørsla v bru skilta Hønjum. Stort sett god, men noko bratt stølsveg opp til Øy(de)stølen og vidare til fjellstølen i Hodndalen. Fleire gode utsiktspunkt mot øvre deler av Ljøsnagrendi på veg oppover. Rett nedenom Øy(de)stølen har ein og nærkontakt med Jutlamann.

Frå fjellstølen (ca 980 moh) går du ned til elvi og føl den til elvemøtet mellom elvane frå Småvotni og Vasselavotni. Gå over den sistnevnte (80 m kan væra vanskeleg ved stor vassføring) og opp langs den fyrstnevnte til Småvotni.

Småvotni kan passerast på begge sider. Her er det vanlegast å gå på nedsida. Det vestlegaste (1216 moh) har avløp mot vest, og frå osen går du ned til Øksnvatnet (1140 moh) og vidare på sti forbi Kattleinstølen (synlege gamle tufter) til dalbotnen framom Øvstestølen. So heile dalen til Øvrestølen (855 moh) og til Nedrestølen (780 moh) og vidare på mykje brukt stølsveg til bustadfeltet i Ofta.