star
star
star
star
star

Fuglefjell

Turen startar med nokre minutt gange på traktorveg. På venstre side av vegen byrjar merka sti opp Ramslia, her går ein i skog med jamn stigning. Når ein kjem over tregrensa flatar turen ut og stien...
Foto: Cathrine Heggø

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 408555
Følg E39 forbi Lavik og ta av mot Bosdal, ca. 3 min før Lavik. Følg grusveg oppover og forbi Ringereidestølen på venstre side. Parkering til Fuglefjell ligg på høgre side av vegen ved ein traktorveg.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar med nokre minutt gange på traktorveg. På venstre side av vegen byrjar merka sti opp Ramslia, her går ein i skog med jamn stigning. Når ein kjem over tregrensa flatar turen ut og stien deler seg i to, begge rutene går til varden på Fuglefjell. Stien til høgre, ut mot fjorden, er meir kupert og byr på ei flott utsikt. Vel ein ruta til venstre, inn frå fjorden, får ein ei lettgått rute med slak stigning heile vegen. Utsikta frå toppen er spektakulær! Ein skimtar mellom anna Lihesten i Hyllestad.

Turen fungerer også fint som trugetur vinterstid.