star
star
star
star
star

Fyre ( Stalheim ) til Grindaflethytta

Kvista til påsken, men oftast er kvistinga klar to veker før. Turen startar frå Fyre (Stalheim). Frå parkeringsplassen like søraust for garden Fyre fylgjer ein ubrøyta skogsveg til endes opp mot...

Praktisk info

Enjoy-kode: 957379
Med buss eller bil til Stalheim.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
60 timer
Lengde
13.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kvista til påsken, men oftast er kvistinga klar to veker før. Turen startar frå Fyre (Stalheim). Frå parkeringsplassen like søraust for garden Fyre fylgjer ein ubrøyta skogsveg til endes opp mot Øvsthusdalen. Vidare går vinterruta opp gjennom skogen til Øvsthuselva som ein tar seg over. Frå elva går ein vidare oppover Øvsthusdalen og møter igjen sommarløypa. Etter kvart vert det bratt opp Vardabrekkene før ein når Stangahøgd 1277 moh. Over høgda er det gode stakar som viser veg. Vidare innover følgjer ein sommarruta med kryssing over Halsavatnet, Vedasteinsvatnet, Muravatnet forbi Fyrestølen og langs nordside av Grindafletvatni og inn til Grindaflethytta.

Grindaflethytta har 14 sengeplasser. Med doble madrasser i sengene har ein også moglegheit for «golvliggeplass». Hytta har eit godt utval av proviant og gode kokemoglegheiter.»

Overgangsturen mellom Ljosandbotn og til Fyre med overnatting på Grindaflethytta er ein påskeklassikar i Vossafjella.