Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Gå frå vestsida av Skjåk Kjøpesenter i Bismo over Rv.15 og følg ein bustadveg 300 meter til enden. Her ser du skilta for stigstart. Bruker du bil, kan du parkere i enden på vegen. Stigen går bratt opp til ein skogsveg. Følg skogsvegen om lag 500 meter mot vest til Fjuken. På denne plassen renn Fjuken i grunnen med unntak av 2 veker om våren.
Følg stigen 200 meter opp til ein sving på ein ny skogsveg som går forbi Harsheimlia. Gå 600 meter til du kjem til Skargrove, og gå skogsvegen opp til høgre. Denne skal du følgje forbi ein sving og opp til stigen startar. Stigen heiter GamalHansvegen og er ein gamal ferdselsveg som gjekk frå Skamsar vest for Bismo og innpå fjellet til Aursjoen.
I tregrensa mot fjellet på 970 moh, står ei postkasse med ei bok som du kan skrive deg inn i. Gå stigen vidare mot Vikhø. Dette er øvre delen av GamalHansvegen. Den går i lett terreng opp til Hyrvehammaren der du ser røyrgata frå Aursjoen kome fram i dagen. Stigen går vidare over Hyrvehammaren og opp til Vikhø ved Aursjovegen. Ved Vikhø startar Kulturstigen til Flåtåtjønn.