Generasjonssamtale III: Kan alle få seie det dei vil?

Kva er eigentleg ytringsfridom? Den norske regjeringa har oppnemnd ein ny ytringsfridomskommisjon, 20 år etter den føregåande. Samtidig har Norsk PEN og Fritt Ord etablert Ungdommens...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.feb
2021
kl 16:15

Detaljer

Kva er eigentleg ytringsfridom? Den norske regjeringa har oppnemnd ein ny ytringsfridomskommisjon, 20 år etter den føregåande. Samtidig har Norsk PEN og Fritt Ord etablert Ungdommens ytringsfridomsråd som skal undersøke kva som hindrar unge menneske frå å ytre seg i Noreg i dag.

Kven er det som hever røysta på skulen, på arbeidsplassen, i det offentlege rom? Kva rolle speler religion når det gjeld kva som blir ytra? Kor stort er problemet med «fake news» og hatefulle ytringar i sosiale medium? Tenker generasjonane ulikt om kva som er greitt å seie? Til LitFestBergen kjem leiarane av kommisjonen og av rådet, Kjersti Løken Stavrum og Nancy Herz. Dei møter Mohamed Abdi til debatt om ytringsfridommens kår i Noreg i dag.

Arrangementet blir spelt inn i Oslo, og vist til oppsatt tid på storskjerm i Auditoriet. Det blir også strøymt.

Praktisk info

Enjoy-kode: 937334
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker