Bilder
Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Ein fin tur i mektig natur. Ein går på gammal setreveg fra Jøl bru til Skjerdingsdalssetra. Deler av denne vegen er sprengt ut av fjellet slik at det skulle være enklare for bøndene å få dyra til seters. Ein går på fin rås/sti. Det er høge fjellsider på oppsida og bratte skrenter og djupe jøl på nedsida. Likevel enkelt å gå der. Langs vegen ser ein tydelege spor etter tidleare tiders arbeid med å mure opp vegen. Turen er knappe 5 km. Den kan gåast både fra Jøl bru og fra Skjerdingsdalssetra. Starter ein på setra får ein berre unnabakke. Råsa ut fra setra kan være vanseleg å følge første stykke, pga av beitande dyr som trakker ut råsa. Ta sikte på ei bru i botnen av dalen. Kryss elva ved den brua og da er det fin sti. Turen bør ikkje gåast for tidleg på året da det ligg snøfonner ca halvvegs. Når det er store nedbørsmengder og vått kan det være fare for steinsprang. Barn kan godt gå denne turen, iallefall alternativet som går unnabakken. Pass godt på dei der det er høgt utføre.