Gorrlaus

Gorrlaus laurdag 03.05.25 Stad: Tou loftet Dørene opnar: kl. 18.30 Konsert startar: kl. 19.00 TOSTEMT Øyonn Groven Myhren - vokal og lyre Marit Karlberg - vokal og langeleik + Silje Hegg...
03.mai
-
kl 19:00

Detaljer

Gorrlaus laurdag 03.05.25

Stad: Tou loftet

Dørene opnar: kl. 18.30

Konsert startar: kl. 19.00

TOSTEMT

Øyonn Groven Myhren - vokal og lyre Marit Karlberg - vokal og langeleik

+

Silje Hegg - seljefløyte

Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg er av våre fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Øyonn er nok mest kjend for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket "Nivelkinn", og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan.

Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg var sentrale i vokalkvartetten Dvergmål, som gav ut platene "Visor og kvæde frå Blåberglandet" (Grappa, 1996) og "Song i himmelsalar" (Heilo/Grappa, 2004), den fyrste Spellemannpris-nominert.

No, over 25 år seinare, har dei to tatt opp att tråden, og fordjupa seg i slåttetralling og hardingfeleslåttar frå Telemark og Valdres, som dei har overført til vokalt duoformat. Forvent ein variert konsert med det smale konseptet tostemt slåttetralling, supplert med lyarlåttar og danseviser akkompagnert med lyre og langeleik.

Silje Hegg ,frå Vinje i Telemark, er ein av dei framste utøvarene me har på seljefløyte. Hegg er utdanna sosialantropolog, har musikkutdanning frå Rauland og var tidlegare med i folkemusikkgruppa Blåmann Blåmann. Ho har og vunne landskappleiken på fløyte heile fire gonger.

Ope dansegulv etter konserten som vanleg!

Praktisk info

Enjoy-kode: 711391
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Lørdag
03/05 2025 kl 19:00
TOU Kvitsøygata 25 4014 Stavanger
I samarbeid med LinTicket

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.