Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Gravsfjellet, er "veslebror" til naboen Tindefjellet. Det er mange vegar til Gravsfjellet frå Vassenden. Her er ruta opp slik du går den ved turstart frå Jølstravatnet ved den gamle hotellbygningen i sveitsarstil. Turen startar på veg opp byggefeltet Årsetbakane, før du går vidare på skogsveg og i beitelandskap. Etter kryssing av Årsetelva går du på god sti, i noko bratt terreng, resten av vegen opp. Relativt tørt og fint underlag heile vegen der du går på sti. Du har flott utsikt over Vassenden, Jølstravatnet, Gjesdalen og Jølster Skisenter på store delar av turen.
Vel oppe i skaret mellom Tindefjellet og Gravsfjelet ser du Årsetstøylen ligge nede i ei "bukt" i nordleg retning for der GPS-sporet er lagt. På toppen av Gravsfjellet står ein flott varde med ei bok i. Boka ligg på den sida av varden som vender mest mot nord. Turen tek kring 1 time opp. Mange på Vassenden brukar dette som sitt "kvardagsfjell" . Det eignar seg godt som trimtur for dei som likar å springe i bratt terreng.
Om du ønsker det kan du gå på Tindefjellet på same sti opp om til Gravsfjellet. I skaret mellom Gravsfjellet og Tindefjellet står det ei lita hytte. Omlag ved denne kryssar stiane kvarandre. Turen til Tindefjellet er i vedlagt lenke skildra som rundtur frå Svidalen til Vassenden. Returen frå denne skildringa er same veg som du går opp til både Gravsfjellet og Tindefjellet dersom du har turstart på Vassenden.