Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Følg sommarruta opp til siste flata før Støylsvatnet. Her følgjer du terrenget som er ganske flatt heilt aust til elva og vidare opp til vatnet. Er isen trygg går du over den til aust for elveosen på nordenden av vatnet. Dersom isen er dårleg, må du gå langs vestsida av Støylsvatnet, om lag der sommarruta går og krysse elva enten over brua eller ca. 100 meter nord for brua.
NB! Det går minst eitt årleg stort snøras like til høgre for Støylsfossen, og det går også ras mellom dei 2 vatna i Storebotsskaret.Ruta må derfor ikkje gåast når det er rasfarleg!
Start stigning for å komme over fossen så snart som råd for å unngå for bratt bakke. Over fossen har du to valg:
- Dersom det er mykje snø må du gå på vestsida av elva. Følg terrenget slik at du kjem så høgt som praktisk mogleg før siste kneika på øvste delen. Merk at her kan det være rasfare.
- Dersom lite snø, følg sommarruta på austsida av elva.
Etter at du er komt over øvste fossen, følgjer du dalbotnen til du kjem til øvste punktet i skaret på ca 780 moh. Her renn ein ned første bakke og tek så av mot aust. Her kan det være rasfare. Følg ei linje rett på Sikringsbua som ligg under ein hammar. Passer denne og vidare opp ei lita kneik før du er på Blåbrebu.