GUNNHILD, KONA TIL EIRIK BLODØKS

Forfattar Gunnhild Øyehaug gav i 2023 ut den elleville boka “Gunnhild, kona til Eirik Blodøks”: I eit blandingstidpunkt mellom år 900 og vår tid vaknar dronning Gunnhild, kona til Eirik Blodøks,...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
06.okt
-
kl 13:00

Detaljer

Forfattar Gunnhild Øyehaug gav i 2023 ut den elleville boka “Gunnhild, kona til Eirik Blodøks”: I eit blandingstidpunkt mellom år 900 og vår tid vaknar dronning Gunnhild, kona til Eirik Blodøks, opp i ei sjukeheimsseng. Ho føler på seg at hennar hovudfiende, skalden Egil Skallagrimsson, er på veg, og ho bestemmer seg for at dette er det siste høvet ho har til å få endra oppfatninga ettertida har hatt av henne som ei vond, maktgrisk og herskesjuk dronning. Tenaren hennar, Apollonia, Baudelaire sin advokat i rettssaka mot han i 1857, har endeleg sloppe tak i alle hemntankar, men hjelper likevel til. Og som alltid dukkar Rottejomfrua opp, med sine evinnelege spørsmål om kva som eigentleg gneg inst i hugen, og vesle Eyolf kan ikkje gjere anna enn å henge sørgmodig etter.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASSeller dagspass:

DAGSPASS TORSDAGDAGSPASS FREDAG

DAGSPASS LAURDAG

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Praktisk info

Enjoy-kode: 700493
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker