star
star
star
star
star

Halvgjerda frå Holsen-sida

Frå Stølsvika og velteplassen følgjer du skogsvegen i omlag 10 minuttar til du kjem til skiltet med to namn på: Halvgjerda og Høgsetstølen. Her fortset du på skogsvegen til venstre i ca 700 meter....
Foto: Alf Foss

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 390020
Parkering på velteplassen i Stølsvika aust om Viskedalen like ved fv 13.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå Stølsvika og velteplassen følgjer du skogsvegen i omlag 10 minuttar til du kjem til skiltet med to namn på: Halvgjerda og Høgsetstølen. Her fortset du på skogsvegen til venstre i ca 700 meter. Hald utkikk etter skiltet på høgre sida som viser kva tid du skal ta av frå skogsvegen. Stien her frå og heilt opp til varden er tydeleg merka med raud måling på steinar og tre. Over skogsgrensa kan du også sjå etter trepinnar med raudmåling på. Frå skogsvegen og opp til tregrensa er stien ganske bratt med nesten ingen slakke parti, men det er tørt og godt å gå. Så turen går heilt greitt med gode joggesko. I det du nærmar deg skogsgrensa får du utsikt ned att til Viskedalen, Vettreiene og Husetuft. Litt lenger oppe utsikt også til Åsane, Mo, Kusslia og Sunde. Ved varden er det fin utsikt til Vassenden, Eikås og vestover til Storehesten.