star
star
star
star
star

Hatleset Hatlesetnipa

Frå Hatlesetnipa har du utsikt over Eikefjorden, Norddalsfjorden og utover mot Florø. Turen opp til Hatlesetnipa er mykje brukt heile året, anten frå Grov eller Hatleset. Turen startar frå...
Foto: Arnfrid Bergheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 477413
Parkeringsplass ved Rv 5 på Hatleset
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
2.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå Hatlesetnipa har du utsikt over Eikefjorden, Norddalsfjorden og utover mot Florø. Turen opp til Hatlesetnipa er mykje brukt heile året, anten frå Grov eller Hatleset.

Turen startar frå parkeringsplass ved Rv 5, skilt som viser til Hatlesetnipa.

Stien er godt merka. På veg oppover passerer du mange utsiktspunkt og lokale namn som Gildrekvia, Einane, Hesa, Stølsgarden og Plommerapa. Rett under skiltet Stølsgarden tek du til venstre og går vestover og fylgjer ryggen opp og utover til nipa.

Start frå Grov Fv 614 mot Svelgen, ved første avkjørsel på høgre side etter trafostasjonen. Her kan du også parkere. Følg skogsvegen oppover og rett før du er til vegs ende tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men den er tydeleg. Du går forbi Fløgen 468 moh, varden på venstre side og følgjer høgdedraget vidare innover til du får den siste stigninga opp til Hatlesetnipa.

Dagsturhytta på Fløgen offisiellt opna søndag 2.juni 2019