star
star
star
star
star

Hattemakaren

Toppen ligg mellom Kvitegga og Kyrkjefjellet, i Grøndalen, og er eit grensefjell mellom kommunane Eid og Volda. Frå parkeringsplassen ved fylkesvegen, følgjer ein sti i nordleg retning over dalen,...
Foto: Irene Margrete Lunde

Praktisk info

Enjoy-kode: 448606
Fylkesveg 654 over Heggjadalen. Parkeringsplass omlag 22 km frå Eid, omlag 1 km frå fylkesgrensa.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Toppen ligg mellom Kvitegga og Kyrkjefjellet, i Grøndalen, og er eit grensefjell mellom kommunane Eid og Volda. Frå parkeringsplassen ved fylkesvegen, følgjer ein sti i nordleg retning over dalen, langs Møreelva, gjennom Åseskaret opp til Lisjevatnet (721 m). Her kan ein sjå ei elv som kjem rett ut av botnen av morena som dannar vatnet. Der finst ikkje utløpsos på vatnet, som kjem ut gjennom ura. Gå vidare på austsida av vatnet og opp ryggen mot Hattemakarskaret. Derifrå kan ein gå rett mot toppen (1098 moh), med flott utsyn til alle kantar. Turen opp tek omlg 1,5 til 2 timar.

Alternativ rute er å køyre inn Grøndalen og parkere der. Ein følgjer skogsveg langs Grøndalselva. Deretter er stien delvis vekke... Ein går på høgre sida av Hattemakartjønna og følgjer sti rundt og opp eit lite skar til venstre. Siste delen kjem ein inn på stien frå den andre ruta.