star
star
star
star
star

Heggheimsfjellet (og Heggheimsstøylen)

Heggheimsstøylen er truleg den minst tilgjengelige støylen i Jølster. Skal du på Heggheimsstøylen, og starte på Heggheim i Jølster, tek støylsturen deg kring 3 timar -ein veg! Du må passere over...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 238449
Ta av E39 mot Stardalen. Køyr over den vestligaste brua mot gardane på Heggheim.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Varighet
7 timer
Lengde
8.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Heggheimsstøylen er truleg den minst tilgjengelige støylen i Jølster. Skal du på Heggheimsstøylen, og starte på Heggheim i Jølster, tek støylsturen deg kring 3 timar -ein veg! Du må passere over foten av toppen av Heggheimsfjellet på kring 1100 moh, for så å gå ned att til kring 900 moh der støylen ligg. Støylsråka går i bratt fjellterreng. Det er ei oppleving i seg sjølv å gå i terrenget, og tenke på at bøndene har frakta både dyr og mjølkespann opp her. Lettaste veg til Heggheimsstøylen er å starte ved Egge og Eggestøylen i Gloppen.

Stien syner at det er få som nyttar støylsråka på Heggheim i dag. Stien er berre delvis synleg einskilde parti. Sjølv om det er merka med sporadiske raude prikkar er det av og til vanskeleg å finne vegen. Ruta som er logga ganske detaljert med GPS er lagt inn med ruta opp og ned, og ber preg av at det vart ein del rekognisering undervegs på denne turen. Eg plar vere nøyen på at sporet eg legg ut på UT.no er korrekte. Men pga. at området her er lite besøkt, trengs det fleire fjellvandrarar for å "opne" stien meir! Eg legg derfor ut dette ufullstendige sporet slik at dei som vil kan få eit visst omgrep om turen. Planen må vere å gå turen på nytt med korrekt logging på sikt:-) Sidan turen vart tatt seint i oktober vart det også vanskeleg å ta seg ned til støylen pga. is på svaberg i dette området.

Kort turskildring Turen startar på Heggheim i Stardalen. Første del av ruta går i bratt beitelandskap på vestlige side av Tverrelva. I partiet der du går rett ved Tverrelva skal du ta av mot vest rett under nokre hamrar, og gå inn i eit landskap der du går på "hyller" vidare mot toppen. Av og til kan du møte på restar etter små bruer, oppbygde trapper og utgravde stiar. Rester etter den tida der dyra vart frakta opp her kvar sommar. Derfor har den ruta vi har gått fått namnet "Kyraråka". Flott utsikt mot Skei og Jølstravatnet i det du rundar Hegghemsfjellet. Der sporet sluttar på veg ned mot støylen møter du på nokre svaberg. Vi har fått informasjon om at desse også kan vere glatte og litt utfordrande også om somrane. Det kan derfor kanskje vere betre å gå ned mot støylen ved å gå i meir vestleg terreg for skaret som dette sporet er lagt i.

Heggheimsfjellet er lett å ta seg opp til frå denne stien (sjå GPS-spor). Eg har fått informasjon om at Heggheimsfjellet også skal kunne nåast ved å gå meir rett på mot nordvest frå skaret mellom Heggheimsfjellet og Flatjordnova. Heggheimsstøylen skal også kunne gåast ved å gå i skaret mellom Heggheimsfjellet og Flatjordnova og ned til Støylsvatnet som du då rundar.

Vi får satse på å få logga turen meir korrekt på eit seinare tidspunkt, og at det vert fleire som tek utfordringa med å "leite seg fram" langs denne svært spesiell støylsråka! Bratt og lang er den, men i eit nydeleg turterreng med praktfull utsikt!