Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkestret

Publikum og presse jublar for comeback-showet til revyfigurane «Hildegunn & Leif-Per», gestalta av komikarane Fredrik Steen og Ørjan Liavåg. Fredag 8. august kjem radarparet til Galleri Torsheim på...
08.aug
2025
kl 19:30

Detaljer

Publikum og presse jublar for comeback-showet til revyfigurane «Hildegunn & Leif-Per», gestalta av komikarane Fredrik Steen og Ørjan Liavåg. Fredag 8. august kjem radarparet til Galleri Torsheim på Knutholmen i Kalvåg! Det var i NRK radio at dei to figurane såg dagens lys heilt tilbake i 1997. Radiosketsjane vart fort til eit heilaftans show, og meir enn 170.000 løyste billett til showa med det eksentriske radarparet frå Sunnmøre mellom 1998 - 2010. No er dei endeleg tilbake med eit heilaftans show - heilt UTAN hjelp frå Kringkastingsorkestret. Sunnmørsposten ga showet terningkast 5 og skriv mellom anna: «Meget tekststerke, helt på hugget med timing, og med tydelige og svært gode karakterer.» «Dette gir puls!» Gled deg til eit heilsprøtt show som ikkje liknar så mykje anna i den norske underhaldningsbransjen! Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg Regi: Karina Aase Showstart kl. 20.30 Varigheit: 1 time og 20 min. (ikkje pause) 18 års aldersgrense

Praktisk info

Enjoy-kode: 649468
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
08/08 2025 kl 19:30
knutholmen 182 Kalvågvegen
I samarbeid med Tikkio