Hjørnevik & Iversen (Ekstraframsyning)

Den galne diktaren Jon Hjørnevik, og den halvgalne visesongaren Dagfinn Iversen, er igjen ut på prøve. No kjem dei heim til Voss og Gamlekinoen. Det er eit oppkok av Dagfinn sine gitartonar,...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
13.sept
-
kl 18:00

Detaljer

Den galne diktaren Jon Hjørnevik, og den halvgalne visesongaren Dagfinn Iversen, er igjen ut på prøve. No kjem dei heim til Voss og Gamlekinoen.

Det er eit oppkok av Dagfinn sine gitartonar, Hjørneviks hårreisande dikt, sinne, kjærleik og humor. Gjer dykk klar for dikt om kommunal omsorg, sløydlærarar som driv med seksualundervisning, solariumspoesi og bussturar som endar i kloremerker på ryggen.

Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det nok av vakre gitartonar frå Iversen de kan lytta til.

Det er også lov å tvinge vener til å bli med på show.

Arrangementet vert skipa av Kjekt AS.

Praktisk info

Enjoy-kode: 335016
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker