Holmatunlaupet 2021

Eit heilt nytt laup ser dagens ljos i 2021: Holmatunlaupet! Ein snøgg strid i fjella som omkrinsar den vakre bygda Øystese. Holmatun stod ferdig i 1927 og har fostra store opplevingar innan...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

19.jun
2021
kl 10:00

Detaljer

Eit heilt nytt laup ser dagens ljos i 2021: Holmatunlaupet! Ein snøgg strid i fjella som omkrinsar den vakre bygda Øystese.

Holmatun stod ferdig i 1927 og har fostra store opplevingar innan kutlrut og idrett og får i 2021 eit eige laup

Løypa Løypa er 17,7 km og har ein profil på knappe 1000 m stigning. Traséen kombinerer asfalt i bygda, skogsstigar, traktorvegar og fjellterreng. Start og mål er utanfor ærverdige Holmatun. Løypa er delvis merkt og det vil verta brukt mannskapar i felt.

Løypeprofil: http://www.lommekjent.no/turer/961218 GPX-fil: Last ned fila her (ikkje obligatorisk)

18 km og 100 høydemeter stigning omkransa den indre, vakre og nære fjellområda til Øystese

Løypeskildring: Etter start ved Holmatun i Øystese sentrum går løypa på asfalt gjennom sentrum og opp Torpelia. Bryt av ned mot Laupsadalen. På fin sti i slak stigning opp Laupsadalen mot Myrane. Ein liten asfaltstubbe att forbi Skogheim og Skårsvatnet (Gullfiskdammen). a av på skogsveg opp Skårelie mot Tanndalen vidare mot stølen Blomsete og over på sti mot Hyrting. Det er obligatorisk å sjekka inn. Deretter mot toppen av Soldalsfjellet med nydeleg utsyn ut fjorden før det ber på ned mot Klippe - Døgnope - Selesete og Skisetemarka.Ta av frå traktorveg ned mot Teldalen og Titteråsen. Ned mot bustadfeltet Kyrhagen på asfalt- og grusveg. Ta av mot høgre mot Steinhus og over Svartabrua. Gjennom gymnaset og ungdomskulen ned mot oppløpssida mot Holmatun att.

Nydeleg utsyn frå Hyrting

Klassar

Konkurranseklasse:

  • Individuell (herre og kvinne)
  • Innsjekk frå kl 11, start kl 12
  • Aldersgrense 16 år individuell klasse (må vera fylt 16 år på løpsdagen)
  • Aldersgrense 10-16 år i fylgje med vaksen (over 18 år)

Bedriftsklasse:

  • Valfri klasse (trim/konkurranse)
  • Premie til bedrift som stiller flest personar

Trimklasse:

  • Registrering og start mellom kl 09 - 11
  • Ingen tidtaking
  • Diplom og premie til alle

Det gjev stor glede å ferdas vakker Hardanger-natur!

Pris Konkurranseklasse: kr 400 Bedriftsklasse: kr 400 Trimklasse: kr 150

Premiefest Kl 18 opnar dørene i Holmatun for premiefest! Her vert offisiell premieutdeling. I tillegg biletframsyning frå dagen, musikk, quiz og sal av noko å bita i. Fri aldersgrense kl 18 - 20 (premieutdelinga). 18 år frå kl 21 på Holmatun sin Sommarfest.

Vel møtt til premiefest i Holmatun!

Praktisk info

Enjoy-kode: 667232
Type
Sportsarrangement
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker