Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Enkel, men blaut tur rundt Horgi i Seimsdalen i Årdal. Turen går opp langs stien til stølen Sjursete (her kan ein og ta av mot Skorsfjell/Bøttejuv) og tar av ved stidele til venstre like før du kjem til husa på Sjursete. Stien går på oppsida av Sjursete og vidare opp i sida på dalen før det går oppover på ryggen på baksida av Horgi. Når ein kjem like over toppen her møter ein eit stiskille der stien til venstre går opp på toppen av Horgi (1120 moh) for den som har lyst å ta med seg ein topp på turen. Fortsett rett fram og rundt Horgi til stien går nedover mot myrene ved stølen Feninga. Her forsvinn stien fort, men hold retning mot stølshusa så er det ingen problem å finne tilbake stien like ved selet lengst ned i dalen, her går det ei bru over bekken. Vidare langs ganske god sti ned Feningedalen ca 3,5 km til snuplassen ved Torli. Langs bilveg ned til parkering ved Strupane. Fjellsko/støvlar er lurt, då det nesten alltid er blautt i Feningadalen.