Iver Kleive & Knut Reiersrud

Det legendariske radarparet Iver Kleive og Knut Reiersrud har gjennom snart 30 år opptrådd for fullsatte kyrkjer og konsertlokaler Norge rundt. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne...
24.nov
-
kl 16:30

Detaljer

Det legendariske radarparet Iver Kleive og Knut Reiersrud har gjennom snart 30 år opptrådd for fullsatte kyrkjer og konsertlokaler Norge rundt. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne komposisjonar har Iver og Knut laga ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk. Saman har Kleive & Reiersrud gitt ut to plater som har fått tildelt Spellemannsprisen i åpen klasse. Me ser fram til eit magisk møte mellom desse to fremragande musikarane i Onarheim Kyrkje.

Få kan spela orgel som Iver Kleive. Siden tidleg på 70-tallet har han spilt orgel, og dreve ei utstrakt verksemd som studiomusikar, akkompagnatør, komponist, solist og dirigent. Han har leia Oslo Bach-kor gjennom 30 år og gjort utallege plateinnspelingarr. I 2017 vart Iver Kleive utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk musikkliv.

Knut Reiersrud har og vore aktiv siden 70-tallet, og har utvikla eit heilt eige uttrykk med element frå mange formar av musikken. Han er prisbelønna både som gitarist og komponist og er kjent internasjonalt frå ei lang rekke samarbeid med andre artistar. Reiersrud har alltid hatt ein heilt unik evne til alltid å vera relevant og nyskapande. Knut Reiersrud har ein svært imponerande katalog av innspelingar med seg. Faktisk omlag 300!

Praktisk info

Enjoy-kode: 949429
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.