Jakupscena: Aslak Brimi & Hallgrim Haug

Spelmannen Ola Opheim i ord og tonar! Det blir ein konsert med historier, videosnuttar og spel i tradisjon etter «Uppheimin». Felspelarane Hallgrim Haug og Aslak Brimi frå Vågå og Lom spelar...
21.nov
-
kl 19:00

Detaljer

Spelmannen Ola Opheim i ord og tonar! Det blir ein konsert med historier, videosnuttar og spel i tradisjon etter «Uppheimin». Felspelarane Hallgrim Haug og Aslak Brimi frå Vågå og Lom spelar slåttemusikk etter storspelmannen, og journalist og forfattar Even Lusæter fortel og set ljos på spelmannslegenda. Dei tre ilag lanserer nå boka og CDen “…og Ola han var stjerna!” om humoristen og virtuosen frå Vågå. Opheim (1920-2003) er av dei største kjeldene i Vågå og Ottadalen, og var ein kunnskapsrik, engasjert og utadvendt spelmann som var aktiv over mange tiår. Han var spesielt kjent for eit drivande godt dansespel, om det så var slåttespel eller gammaldans med trekkspelar Oddvar Nygaard. Ola var sentral i renessansa for gammaldansen utover 50 og 60-talet: «Ei av dei fyrste på skansen var Oddvar Nygaards kvartett, der han Oddvar sjølv trakterer trekkspelet og han Ola Opheim er stjerne på fele!» Tid: Torsdag 21. november kl. 19:30 ​​Stad: Marlo grendahus, Skjåk Ungdomstalent: Vemund Vang (torader) Billettpris: 200,-/100,-/0,- Billettar kjøpast på nett eller i døra

Praktisk info

Enjoy-kode: 938100
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Torsdag
21/11 2024 kl 19:00
Marlo grendahus, Skjåk 41 Bergomsvegen
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.