Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen – Dikt LIVE

Den galne diktaren Jon Hjørnevik, og den halvgalne visesongaren Dagfinn Iversen, er igjen ut på prøve. Laurdag 9. november 2024 kjem dei til Himsligt. Me gler oss til å ta imot desse to igjen. Det...
09.nov
-
kl 20:00

Detaljer

Den galne diktaren Jon Hjørnevik, og den halvgalne visesongaren Dagfinn Iversen, er igjen ut på prøve. Laurdag 9. november 2024 kjem dei til Himsligt. Me gler oss til å ta imot desse to igjen. Det byrjar å bli mange år sidan dei vitja oss sist, men latteren sit framleis i veggane. Dei lovar eit oppkok av Dagfinn sine gitartonar og Hjørneviks hårreisande dikt, sinne, kjærleik og humor. Gjer dykk klar for dikt om kommunal omsorg, sløydlærarar som driv med seksualundervisning, solariumspoesi og bussturar, som endar i kloremerker på ryggen. Ny diktsamling skal ut i 2025. Det må difor, i tillegg til Greatest Dikts, bli smaksprøvar på nye dikt. Så kjære deg: Kjøp billlett idag og kom på Dikt Live. Enten du likar det eller ikkje. Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det nok av vakre gitartonar frå Iversen de kan lytta til. Det er også lov å tvinge vener til å bli med på show. --- Dette er sannsynlegvis noko av det betre du kan få med deg på ei scene på Ferkingstad denne kvelden, så ikkje nøl med å kjøpe billettar, som alltid er i begrensa antall. Dørene og baren opnar kl. 20:00, og me byr som vanleg på saltkvess. Inngang frå kaien. --- 🚨 Billettar i sal frå onsdag 16. oktober kl. 18 🚨

Praktisk info

Enjoy-kode: 635624
Type
Scene
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Lørdag
09/11 2024 kl 20:00
Himsligt 169 Søre Ferkingstadveg
I samarbeid med Tikkio