Detaljer
Bratt og Blått inviterer også i år til Juleblues på Stødt Bar&Scene 3. juledag. Vi går løs med sjølvaste Løsjakkene som 'oppvarmingsband' for kveldens hovedartist PASTOR REX. Løsjakkene har etterkvart blitt varme i jakkene og lovar å sette publikum i stemning med bluesperler frå gamle klassikarar i tillegg til meir moderne greier. Pastor Rex entrar scena rundt kl. 23 og det har virkelig tatt av etter debuten i 2021. Pastor Rex og hans meinigheit frelsar folk med sine retro funkbeats, groove, rap og feite refreng. Ein svolten jakt etter kjærleik og pengar skjulast bak eit konsept av frelse og glede i eit samanhengande show som spraker og overraskar. «Eit av dei beste banda eg har høyrt», uttalte Vidar Busk etter bandets opptreden på Trandalblues i 2022. Pastor Rex vart booka inn til Moldejazz 2023 fordi programkomiteen vart overraska over kvalitetsnivået og svært sjarmert av bandets energiske bånngass-jubaluba-soulfunk. Sidan har det gått 'slag i slag' og 3. juledag er det på Stødt det skal frelsast.
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
27/12 2024 kl 21:00