star
star
star
star
star

Kabusen

Kabusen er eit landemerke i Haukedalen. Fjellet ligg rett ved Haukedalsvatnet og byr på utsikt rett på vatnet som ligg i vestleg retning. Dette betyr at toppen også kan vere svært fin som kveldsur...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 838781
Frå Førde tek du av E39 mot Fv13 mot Gaularfjell. Ta av mot Fv 483 mot Haukedalen. Køyr til Gjerland i Haukedalen der turen startar i enden av Haukedalsvatnet.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
5 timer
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kabusen er eit landemerke i Haukedalen. Fjellet ligg rett ved Haukedalsvatnet og byr på utsikt rett på vatnet som ligg i vestleg retning. Dette betyr at toppen også kan vere svært fin som kveldsur når sola skin på sitt beste! Toppen gir panoramautsikt over mange av dei vakre fjella og fjellområda i Haukedalen, og er absolutt verdt eit besøk!

Det er svært godt tilrettelagt og merka sti som snor seg elegant oppover den bratte fjellsida heile vegen. I starten går du i open og gamal bjørkeskog. Undervegs oppover finn du små rasteplassar på utkikkspunkt som kan vere verdt å ta ei rast på. Fjellsida er jamt bratt heile vegen, men der er ingen luftige parti undervegs. Mot toppunktet deler stien seg i to ulike retningar. GPS sporet er spora på begge desse stiane. Den sørlegaste stien, som ligg ut mot kanten av toppunktet, byr på eit par luftige parti. Dersom du har høgdeskrekk, eller får tåka på deg, kan det vere lurt å gå stien som er lagt innpå fjellplatået i meir nordleg retning.

I normal gange brukar du 2-2,5 time opp og 1-2 timar ned att. Turen eignar seg for fjellvande ungar (og hundar) som likar ei litt bratt utfordring!