star
star
star
star
star

Kinn Kinnaklova Rundtur

Du går på sørsida av Kinn. Du startar frå rutebåtkaia og tek til venstre bak det kvite huset. Det er merka sti. Stien er ein del av pilgrimsleia / Sunnivaleia som går over Høyskaret og til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 222262
Rutebåt til Kinn
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
5.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Du går på sørsida av Kinn. Du startar frå rutebåtkaia og tek til venstre bak det kvite huset. Det er merka sti. Stien er ein del av pilgrimsleia / Sunnivaleia som går over Høyskaret og til Kinnakyrkja. På denne stien er det QR kodar der ein, ved å bruke ein mobil app, kan lese om dei historiske plassan som ligg langs Sunnivaleia. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Ein går over Høyskaret og nede på flata ser ein stien til venstre som går opp i klova. Det er batt opp og det er litt laus grus i stien. Midt i klova går stien over til høgre sida som er lettare å gå. Det er flott å kome opp å sjå Kinnakyrkja i aust og havet i vest. Både i godvær og styggevær er det ei sterk naturoppleving å vere her. Det er bratt ned på vestsida, men det er tydleg sti med litt lausmasse. Vel nede kan ein gå rundt øya på nordsida som er vanlegast og best å gå. På stien nordover ser ein oppe i fjellet til høgre ein stor hellar som har vore buplass i eldre tid. Stien rundt på nordsida går på svaberg, lyng og gras. Her er det fin utsikt til Ytterøyane fyr. Siste stykket, før ein kjem inn att på den gode stien som går til Kinnakyrkja, kan det vere vått.

Stien går videre til Kinnakyrkja og derfrå kan du følgje vegen til kaia.

På vegen tilbake går du forbi Flora Turlag si hytte. Flora Turlag har tatt over det gamle skulehuset på Kinn og den er låst med DNT standard nøkkel.