Klassikaren: Bruno Schulz

Den polske forfattaren Bruno Schulz (1892–1942) stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven, og den særeigne stilen og forteljemåten til Bruno Schulz har...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
03.okt
2023
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 848052
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Den polske forfattaren Bruno Schulz (1892–1942) stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven, og den særeigne stilen og forteljemåten til Bruno Schulz har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag. Med utgivinga Kanelbutikkane og andre forteljingar i Skald forlag sin klassikarserie er Scultz no tilgjengeleg for norske lesarar. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga Kanelbutikkane (1933) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym og som først blei oppdaga i 2019.

Kom og høyr på omsetjaren av Kanelbutikkane og andre forteljingar Julia Wiedlocha og professor i polsk litteratur ved Universitetet i Oslo Knut Andreas Grimstad – og du vil garantert bli klokare på forfattarskapen til Schultz spesielt og polsk litteratur generelt. Samtaleleiar er Joanna Pacula som er litteraturformidlar ved Bergen Offentlige Bibliotek.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.