Bilder
Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Knebben ligg rett bak grenda Sandalen, og er ein låg fortopp til eit flott turterreng. Knebben er i nabolaget til kunstnaren Astrup sin heim, og gir kortreist og storslagen utsikt over Jølstravatnet. Sidan turen er kort, og gir deg eit innbikk i naturen som inspirerte Astrup, passar turen å gå i kombinasjon med eit besøk til Astruptunet.
Turen startar ved grushola i Sandalen. Etter eit kort stykke på grusveg opp til kraftverket byrjar stien først i tørr og fin skog. Du går eit svært kort stykke på skogsveg på kring 400 moh, der du tek av i vestleg retning. Først litt ned og over eit stykke myrlendt og vått terreng, før du passerer ei eldre bru over Bjørndalselva.
Rett etter brua startar du på ganske tydeleg sti som går i retning Bjørndalsstøylen som ligg 2 km lenger inn i dalen. Du følgjer denne stien eit lite stykke oppover. Ved ein stor stein på ca 500 moh er det måla ei raud pil på steinen der du skal ta av stien og gå i nordvestlig retning (rett mot toppen av Knebben). Det kan vere litt vanskeleg å ta av stien på rett plass og ta rett retning sidan det er ein del dyretråkk i tillegg til stiane. Frå dette punktet er stien du skal følgje mot Knebben ein del mindre synleg. Det er einskilde gamle raude merke på fjellbjørkene å orientere seg etter. Terrenget er ope og lett å finne fram i, så om du mistar merkene er det berre å sikte rett på toppen. På omlag 680 moh går du i sørleg retning. Her møter du på litt meir krevjande terreng og litt brattare parti opp mot toppen av ryggen.
Du har flott utsikt mot Jølstravatnet, Sandalen, Bjørndalen, Orkja og Bjørsetstøylen heile vegen opp. Vel oppe på ryggen får du utsikt mot Nonsnipa og Klauva. Turen opp tek kring 1-1,5 time og 30-45 min ned att. Dei som ikkje er så vande med å gå i terreng må rekne ein del meir tid sidan terrenget er noko tungt å gå i pga. ein del myr og lyng.
Tips til dei som vil gå lengre turar er å halde fram opp til Høgenuken og Brandsegga. Frå Brandsegga kan du velge å runde ned att mot Fagrevatnet i austleg retning, eller mot Gjerlandsisvatnet og Brandsbotnen og Botnavatnet i vestlig retning. Dei som vil ha skikkelig langtur kan gå den nydelige runda vidare frå Brandsegga, over Isvassnipa og Styggevassegga, og runde ned att mot Styggevatnet og til Bjørndalsstøylen. Denne runda er mest vanleg å gå i motsett retning, der du får nedstiginga ned att frå Knebben.