Konsert med Gunn Kvaale og We Met In June på Silda 12.07 kl 1700

Vi i Silda Vel er glade for å kunne invitere til konsert med Gunn Kvaale og duoen We Met In June! Konserten er planlagt utandørs, i telt, så kle dykk etter vèret. Skulle det bli skikkelig uvèr vert...
12.Jul
-
5:00pm

Detaljer

Vi i Silda Vel er glade for å kunne invitere til konsert med Gunn Kvaale og duoen We Met In June! Konserten er planlagt utandørs, i telt, så kle dykk etter vèret. Skulle det bli skikkelig uvèr vert konserten flytta inn i Grendahuset (skulen). Det vert sett opp ekstra båtrute Selje-Barmen-Flatraket-Silda t/r og retur til Måløy i samband med konserten. Gunn Kvaale er ein ambisiøs popartist frå Sogndal som på kort tid har blitt eit kjent namn for mange. Ho vart kåra til Årets Nykommar på Luttprisen 2022 og fleire av låtane hennar har blitt lista nasjonalt på NRK P1 og P3. Tidlegare i år kom debutalbum Eit fullt møblert hjarte ut. We Met In June er ein duo som består av Sara Rose Zadig og Gjest Kvåle. Duoen har skapt sitt eige musikalske uttrykk, i landskapet mellom folkpop og americana. Under Luttprisen i år vart Gunn Kvaale kåra til Årets artist og We Met In June kåra til Årets nykommar. Ordinære båtruter Frå Måløy (Lektaren) til Silda: Kl 0930, 1245 Frå Silda til Måløy: Kl 1000, 1305 Det vert sett opp ekstrarute: -Silda - Måløy med avgong kl 1900 (avgong kaia) og kl 2230 (avgong Skjærbuda) - Måløy - Silda med avgong kl 1830 Obs! Avgrensa tal plassar. -Selje - Barmen - Flatraket - Silda Frå Selje kl 1520, retur kl 1900 Informasjon om og billettar til turen Selje - Barmen - Flatraket - Silda på www.fjordguidingselje.no

Praktisk info

Enjoy-kode: 541367
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Saturday
12/07 2025 5:00pm
Silda Grendahus 95 Sildevegen
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.