Konsertcruise! Vamp på Baroniet med rekecruise frå Norheimsund/Øystese

Bli med Litteraturbåten Epos over fjorden på konsert med sjølvaste Vamp! Gå om bord i Øystese/Norheimsund om ettermiddagen, og kos deg om bord med fjord, fjell, bøker og bar. Båten går frå...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
01.aug
-
kl 15:30

Detaljer

Bli med Litteraturbåten Epos over fjorden på konsert med sjølvaste Vamp!

Gå om bord i Øystese/Norheimsund om ettermiddagen, og kos deg om bord med fjord, fjell, bøker og bar.

Båten går frå Øystese 15:30 og Norheimsund klokka 15:50 Konsertstart 19:00 Me er tilbake i Norheimsund ca. kl 00:00

Det vert busstransport frå kaien til Baroniet akkurat i tide til konserten. Etter konsertslutt tek ein bussen tilbake til båten og eit bugnande rekebord på vegen heim igjen. På vegen er baren open, og du er heime til midnatt etter ei heilstøypt heilaftan med fjord, fjell, musikk og god mat.

Vamp treng vel knapt nok ein introduksjon etter tre tiår som bandet bak dei mest allsongvenlege songane og tallause minneverdige konsertar landet over. 1. august spelar dei i Riddersalen på Baroniet i Rosendal, og du kan ta Epos dit!

Epos er den 60 år gamle bokbåten som sidan den var ny har vore eit kjent syn i Hardanger. Her får du god stemning, litt nostalgi og masse sjarm. Det er sitjeplassar både ute og inne, så turen vert fin i all slags vêr.

Når ein kjem om bord etter konserten ventar det rekebord om bord til vegen heimatt, og me fortset den gode stemninga frå konserten med musikk på høgtalarane og godt lag.

Båten går frå Øystese 15:30 og Norheimsund klokka 15:50 Konsertstart 19:00 Me er tilbake i Norheimsund ca. kl 00:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 766118
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.