star
star
star
star
star

Kort topptur til Anaripigg

Dette er ein kort tur på 3,4 km ein veg, opp til Anaripigg, som er nemnt i songen "Avskje mæ Høvringen", i strofa "Sjå sole på Anaripigg" av Engebret Hougen, utgjeve i Landstads Norske folkeviser...

Praktisk info

Enjoy-kode: 740698
Parkeringsplassen aust for Den Norske Fjellskolen ligg sentralt ved veg og løypenett på Høvringen. Med bil kjem du til Høvringen via E6. Avkøyringa til FV437 ligg 16,7 km nord for Otta og 29,2 km sør for Dombås, Følg FV437 6,8 km, hald til høgre i Y-krysset etter 5,5 km. Dagavgift på parkeringa, 30 kr i 2013.
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
1 time
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein kort tur på 3,4 km ein veg, opp til Anaripigg, som er nemnt i songen "Avskje mæ Høvringen", i strofa "Sjå sole på Anaripigg" av Engebret Hougen, utgjeve i Landstads Norske folkeviser (1853).

Start ved parkeringsplassen ved gangbrua til Den Norske Fjellskolen. Følg Rundløypa sørover/nedover langs bilvegen, over skibrua og videre langs vegen til Puttvegkrysset. Ta den venstre løypa vidare, som går gjennom hyttefeltet Roa. Etter hyttefeltet går løypa høgre om ein liten haug og snur austover. Etter 2 km er du på eit løypekryss, ta til høgre opp bakken. Nesten på toppen av bakken, etter 2,8 km, når løypa flater litt ut, har du Anaripigg til venstre og Heimfjellet til høgre. Her må du forlate løypa og gå mot Anaripigg, 600 meter herifrå. Det er to moglege val av rute herifrå. Anten kan du gå rett på - på godt føre kan du velge om du vil ha med skia opp den bratte og harde, men ikkje så høge fonnryggen mot vest. Eller du kan gå ei slakare lei rundt foten av fjelltoppen på nordsida, og opp på ryggen mot Karihaugen, derifrå er det berre få meter opp til Anaripigg.

På turen, og særleg frå toppen, er det flott utsikt mot Høvringen, mot Dovrebygda i Gudbrandsdalen, og mot dei vestre Rondane med Bråkdalsbelgen som den mest dominerande toppen, attmed den karakteristiske Smiukampen. Sørvestover frå toppen er det panoramautsikt mot Jotunheimen.

Denne korte turen eigner seg godt for ein rask morgon- eller kveldstur for den Høvring-turisten som har lyst på ein ekstratur. Nedkøyringa er artig, både utom og i sporet.