Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Tronvik Nord – Naveset (80 m.o.h til 380 m.o.h) 30 min.
Distanse: 2,0 km.
Turen byrjar ved bom øvst i Hellevegen. Følg traktorveg med stigning. Vidare er det sti i skogen med stigning og bratte delar som er sikra med tau og stige.
På Naveset er det ein gapahuk og litt utsyn mot fjorden.
Fin rundtur å gå vidare til Kyrkjebøstølen – Ljotebøstølen – Tronvik Vest.
Naveset – Kyrkjebøstølen (380 m.o.h til 540 m.o.h) 20 min.
Distanse: 1,0 km.
Følg sti med stigning til skoggrensa. Siste del går nedoverbakke og flatar ut. Myrområde.
Det er bygd bru over stølselva. Litt utsyn mot fjorden.
For meir utsyn kan du gå rute K4 til Moldurfjellet.
Kyrkjebøstølen – Moldurfjellet (540 m.o.h til 844 m.o.h) 40 min.
Distanse: 1,5 km.
Fyrste del har mykje bratt stigning og det er sikra med tau. Siste del flatar ut. Fleire stader med fjordutsyn. På toppen kan du sjå langt i klarver.