Detaljer
«Lat øyra få høyra» -sprelsk trekkspelmusikk og til sprudlande «Vossastubba.»
Programmet er ei veksling mellom spanande trekkspelmelodiar og Per Sivle sine Vossastubbar. Vossastubbane si drivkraft er humor og høgverdig forteljarkunst. Musikken er og full av humor, spenst og forlokkande tonar
Jens Brekke er Sogn sin store forteljar både av lokale historier og Per Sivle. Han er òg ihuga formidlar av Jakob Sande sitt liv og dikting. Brekke har vore leiar av Sivle-laget sidan starten i 2002. Han har stått bak nyutgjevingar av tekstar av Per Sivle, mellom anna Berre ein hund (Selja 2004). I 1998 vart han tildelt Fylkesmålprisen, Vik kommune sin kulturpris 1999 og Målrosprisen 2000
Jon Faukstad, formidabel trekkspelar og akkordeonist, formidlar av tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen, men spelar òg klassisk musikk og har teke initiativ til ny musikk for akkordeon.
Han har eit langt yrkesliv bak seg som professor på Noregs Musikkhøgskule, men har undervist også ved Tonheim, Foss videregående skole og andre stader. Han har fått Kongens fortenestemedalje for sin store innsats for trekkspel og akkordeon og er æresmedlem av Norske Trekkspilleres Landsforbund.
Jens brekke foto: christian blom/ jon faukstad foto: I amerika.
Folkeakademiet bidrar med støtte til programmet.
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
09/04 2025 kl 12:30