Lyarscena: Slavisk Fantasi | Svanøy

Melodiar og dansar inspirert av slavisk folkemusikk, kledde i ei ny drakt. Det blir både lidenskap og humor når dei tre musikarane speler tradisjonelle tonar i eigne arrangement. 1. Julia...
14.feb
-
kl 19:00

Detaljer

Melodiar og dansar inspirert av slavisk folkemusikk, kledde i ei ny drakt. Det blir både lidenskap og humor når dei tre musikarane speler tradisjonelle tonar i eigne arrangement.

  1. Julia Gåsvær - kornett
  2. Mari Therese Martinussen - euphonium
  3. Ole Nilssen - trekkspel

Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit.

Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle.

Som lærarar treffer dei om lag 250 elevar kvar veke, og som musikarar kanskje så mykje som 16-20.000 publikummarar i året.

Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.

Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»

Hovedgården tek i mot publikum frå 17.00 Du kan ete ein enkel middag i restauranten, eller kople av med eit glas i stovene.

18:30 Dørene opnar på Kjellarhuset.

19:00 konserten startar.

Rutebåt frå Florø kl 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.

Praktisk info

Enjoy-kode: 551696
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo