MAJOR PARKINSON

Bergensrockens hemmelege alkymistar, popmusikkens apokalyptiske labyrintmeistrar – kaleidoskopisk dukketeater og symfonisk skyggeopera. Major Parkinson har blitt skildra på tallause måtar i løpet...
05.okt
-
kl 22:00

Detaljer

Bergensrockens hemmelege alkymistar, popmusikkens apokalyptiske labyrintmeistrar – kaleidoskopisk dukketeater og symfonisk skyggeopera. Major Parkinson har blitt skildra på tallause måtar i løpet av karriera, og ikkje utan grunn. Dette uforliknelege musikalske fenomenet har hoppa skamlaust mellom dei mest umoglege sjangerboksar i løpet av sine talrike utgjevingar, og kjem denne hausten til Litteratursymposiet med eit eksklusivt og skreddarsydd sett som viser bandet i ei litt meir nedstrippa innpakking enn ein kanskje er vane med å sjå dei i.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASSeller dagspass:

DAGSPASS TORSDAGDAGSPASS FREDAG

DAGSPASS LAURDAG

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Praktisk info

Enjoy-kode: 254414
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo