Maria & De to andre

Maria & De To Andre er tilbake igjen! 22 år har gått sidan den akustiske trioen stod saman på ei scene. Dei tre er: Maria Malmsten: vokal, lydkulisser, Einar Steinkopf: gitar og Truls Horvei:...
27.okt
-
kl 19:00

Detaljer

Maria & De To Andre er tilbake igjen! 22 år har gått sidan den akustiske trioen stod saman på ei scene. Dei tre er: Maria Malmsten: vokal, lydkulisser, Einar Steinkopf: gitar og Truls Horvei: poesi. Alle tre har vore markante i kulturlivet i Sunnhordland gjennom mange år.

Då Maria ble 60 år i mars, framførte Einar og Truls dikt blant annet frå CD-en dei kom med i 2000, samt nye dikt. Maria blei oppglødd og ville gjere eit comeback for trioen. Det skjer på Åtgaum, søndag 27. oktober kl. 19.00.

Denne gong er alle tekstane skriven av Truls – og musikken er heilt ny. Truls skriv om alt frå kjærleik, kattar, fjordar og robåtar til paraplyar og dei ulike årstidene. Med og utan humor. Han har bak seg i alt 11 diktsamlingar og to ungdomsromanar. Siste diktbok kom i fjor, «Framoverlent i fluktstol». Maria er dirigent for fleire kor og jobbar i kulturskulen. Einar er gitarlærar på Stord vid. skule og utøvande gitarist. Begge to skriv og arrangerer musikk.

Få med deg konserten! Billettpris: kr 250. Konserten er støtta av Norsk Forfattersentrum

Praktisk info

Enjoy-kode: 995415
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.