Mikkel Rev + Kjeltring

MIKKEL REVspelar hardingfeleslåttar i rockeham med elgitar, slagverk, elbass og hardingfele. Røtene er godt planta i hardingfeletradisjonar frå Vestlandet som uttrykkast på eit høgt og støgt, rocka...
28.Nov
-
8:30pm

Detaljer

MIKKEL REVspelar hardingfeleslåttar i rockeham med elgitar, slagverk, elbass og hardingfele. Røtene er godt planta i hardingfeletradisjonar frå Vestlandet som uttrykkast på eit høgt og støgt, rocka og noko improvisatorisk vis.

“det skeiveste rareste sløyeste fugleskremselbandet” -Carl Fredrik Haugfos

Vil du danse springar, gangar eller heilt vanleg utepåbyendans er dette midt i blinken. Garasjefolk til folket!

Magnus Øydvin - hardingfele, vokal Mats Nystam - bass, vokal Hans Mikkel Melhus - elgitar Ola Even Hogstad Hagen - trommer

KJELTRING Dei gamle spelemennene var rockestjerner i bygda si, dei hadde ikkje bass, trommer, lydanlegg og vreng. Det har Kjeltring. Trioen med røvarar frå NMH forankrar seg i den norske slåttemusikken. Tradisjonsmusikken blir sveisa i hop med grove basslinjer, mikrotonale harmoniar, harde rytmer, friimpro og tette, gode klangar. Ei himmelsk, eller helvetes sameining.

Lat trampen rulle og gå inn i rammeslåtten til den ferske trioen!

Åsmund A. Farstad – feler Colin Lilius Karlsen – kontrabass William Granum Dillner – trommer.

Konsertstart 20:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 910233
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.