Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Det går god traktorveg heilt opp til Veldehytta. Nokre parti er litt bratte til Dyrhaug. Her står det skilt til høgre opp til Dyrhaug og rasteplasss. Her bør du ta ein avstikkar på 100 m og nyta utsiktsplassen like ovanfor privathytta som ligg her. Flott utsikt utover Vatsbygda og fjella omkring. Gå vidare omlag 600 m på vegen - då finn du skiltet REVABÅS. Denne gamle fangstfella ligg fint murt i ei steinrøys berre 50 m frå vegen. Verdt å sjå denne. Sjå informasjon om denne fangstfella på eiga info.tavle ved revabåsen. Vel framme i Veldehytta som alltid er open, kan du nyta nista di og skriva deg inn i hytteboka før du går vidare inn til Morgonsvatnet via Brenneskårdalen. Inne ved Morgonsvatnet kan du finna roen og freden og sjå fisken vaka og høyra ravnen som sirklar oppe i lufta åleine eller saman med andre. Følg skilt og merkepinnar innover i ro og mak - bruk sansane og sjå deg om
Terreng: God traktorveg 3,5 km opp til Veldehytta. Herifrå litt kupert og litt fuktig.
Fottøy: Bør ha tette fjellsko.