star
star
star
star
star

Myrdal - Kaldavass

Ruta går i retning Gravhalstunellen til enden på perrongen der du snur til høgre og tek inn på vegen mot Flåm. Etter om lag 100 meter går du til venstre ned ei stor tretrappe til ein...

Praktisk info

Enjoy-kode: 448762
Med tog til Myrdal
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
5.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ruta går i retning Gravhalstunellen til enden på perrongen der du snur til høgre og tek inn på vegen mot Flåm. Etter om lag 100 meter går du til venstre ned ei stor tretrappe til ein lågareliggjande veg, og fylgjer denne i retning Gravhalstunellen til du kjem inn til elva og fyl austsida av elva i tunell under jernbanelinja og vidare om lag 100 meter før du kryssar elva på bru ved nokre stølshus. Frå no går du i slakt terreng om lag 1 kilometer innover dalen på høgre sida av elva Myrdøla. Framfor deg får du så Finnabotnnosi, men ruta svingar mot høgre i retning Urdshovd, og det ventar ein lang motbakke der ruta går på kryss og tvers opp dalsida. Pga. av rasfare i denne dalsida vinterstid, er dette KUN ei sommarløype. Når du kjem opp i 1200 moH dreiar ruta mot syd-syd-vest, og du kjem etter kvart inn i dalen mellom Grånesene og Kaldavassnuten. På høgste punktet av dalen får du eit flott glimt av Kaldavasshytta dersom veret er lagleg. Du fortset ned dalen, og like før nordste enden av Kaldavatnet er stikryss med T-merka sommerløype til Hallingskeid til venstre. Du held fram om lag 300 meter langs høgre sida av Kaldavatnet til neste stikryss der T-merka sommarløype til Upsete går ned til høgre mens du held fram innover ryggen langs Kaldavatnet. Den gamle T-merkinga som fylgde ryggen nesten heilt fram til hytta, er fortsatt delvis å sjå, men den nye T-merkinga går etter kvart i eit lite søkk i høgre kanten av ryggen. I enden av søkket passerer du ein grunnmur før Kaldavasshytta dukkar opp. Turen er ca 6 km lang, og 550 oppovermeter