Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Frå Norddalsfjord kan du gå til Midtbøstøylen og over til Løkkebø. Stien er ein gamal ferdsleveg mellom Norddalsfjord og Løkkebø i Eikefjord. Denne turen er fin å gå begge vegar og du kan gå deler av den. Turen startar på Idrettsanlegget på Moane. Følg vegen frå idrettsplassen i ca 300 meter og ta av til høgre ved pilskilt til Midtbøstøylen. Støylsvegen er godt merka og god å gå . Brekka er det litt bratt og du kan unne seg ei rast på Kvilet og reflektere over Vinje sine ord: «Å kvile på vegen gjev styrke i bein, og kan du, så bør du det gjera» Følg stien vidare til støylen der sela ligg på rekkje langs ein bergknaus. Dei sju sela på støylen er mykje brukt og det er eit grindbygg som er ope for alle. Bålpanna står klar til bruk.. Stien er godt merka austover frå Midtbøstøylen i lett terreng. Ved « vegskillet» ca 1, 5 km aust for støylen må du følgje pilskiltet mot Løkkebø. Vidare forbi Gokleiva og opp Rognebakkane der det er litt bratt. Snart er du ved Varden, ein stor stein, der det er pilskilt som syner veg til Midtbønipa. Det er ca 250 høgdemeter opp og stien er merka med små vardar. Ved Varden på veg til Midtbønipa, er det pilskilt til Løkkebø. Stien er merka med raude trekantar og raude pålar. Her kan du nyte utsikta til Fridalsvatna i aust og mot dalføret frå Løkkebø til Hyen. Til Løkkebø er det no unnabakke i fint terreng ned mot Høgelia og Indrestøylen. Frå støylen og ned til øvste garden på Løkkebø går du fyrst på sti og så på skogsveg.