star
star
star
star
star

Norddalsfjord Svanevatnet og Storevatnet

Turen startar på vegen inst i Norddalsfjord. Rett etter brua innerst i Norddalsfjord er det på venstre side av vegen skilta til Svanevatnet/Storevatnet. Følg skogsvegen opp Gjelet og vidare sti til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 895495
Følg Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare på Fv 544
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar på vegen inst i Norddalsfjord. Rett etter brua innerst i Norddalsfjord er det på venstre side av vegen skilta til Svanevatnet/Storevatnet. Følg skogsvegen opp Gjelet og vidare sti til Svanevatnet. Til Storevatnet går ein på vestsida av vatnet og over kleiva ned til vatnet. Ynskjer ein å gå vestover til Gjelefjellet må ein krysse elva ved Svanevatnet og gå utover på fine berg og heiar. Ein kan også gå til Svanevatnet / Storevatnet på skogsveg frå Myrane, på venstre side av vegen 1 km før skulen. Følg denne så langt den går. Vidare er det sti over Reset til Svanevatnet. Gå så på austsida av vatnet dersom du vil gå til Storevatnet. Oppe på høgda ved Storevatnet er godt utsikt til Fessene, Grønskredfossen og Hestedalsfossane.

Svanevatnet er eit spanande turmål og nokre huskar kanskje vinteren / våren 1979 og all merksemda omkring meteoritten, himmelsteinen eller kva det var som lagde stort hol i isen. ( Firdaposten 24. april 1979

Innover langs Storevatnet fin ein mykje gammal og spennende skog. Du fin mange rare skapningar. Det er også fin strand ved vatnet .

Sporet på kartet er gått 4.mai 2020