star
star
star
star
star

Øksendal

Øksendal Garden Øksendal ligg på austsida av Sirdalsvatnet, den ligg lunt inne i ei hom under sju fjell. Fjella ligg i nord, og delvis i vest og aust. Landskapet er ope mot sør, og dermed lyst og...

Praktisk info

Enjoy-kode: 604991
Riksvei 42, ca 15min kjøring sørover fra Tonstad. Når du kommer til Haughom er det skiltet til Øksendal.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
1 time
Lengde
4.6 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Øksendal

Garden Øksendal ligg på austsida av Sirdalsvatnet, den ligg lunt inne i ei hom under sju fjell. Fjella ligg i nord, og delvis i vest og aust. Landskapet er ope mot sør, og dermed lyst og solrikt.

Garden er ein av dei eldste i Sirdal og blant dei som er tidlegast nemnt i dokumenter (1404). Her har vore fast busetjing tilbake til før Svartedauen, og garden vart ikkje lagd øde under den farsotten.

Kulturlandskapet

På Øksendal er kulturlandskapet godt bevart og blir framleis omsynsfullt skjøtt. Mange steingjerde og rydningsrøyser viser at det har vore mykje stein i jorda, men også at den har vore arbeidd med og nytta. Frukttre på kvar ein gard syner at det har vore tradisjon med slike, og at jorda er god. Ruinar etter slipestein, sag, kraftstasjon, vasshjul til trøskjemaskinar talar om utnytting av fossane. Ruinane etter løer og florer på heimejorde og beitemarker fortel om dyrehald og bruk av grøda. Legene fortel om folk som ikkje var redde for å gå litt, og om utnytting av området også utanfor heimejorda.

Her er gjort funn av fleire viktige kulturminne (Gullringar, Hyrmanns-kjeret). Den er òg fleire bygningar som er bevaringsverdige og mykje spennande segnmateriale. Området har slik stor regional verdi.

Dersom du besøker garden i dag, på sommarstid, vil du sjå store område med jordbæråkrar. Desse bera vert seld m.a. nede ved vegkrysset i Haughom.