star
star
star
star
star

Ørnotta

Ørnnotta er eit utsiktspunkt 580 m. over Oma. For å koma dit må du kjøra Oma-Åse vegen og ta av til venstre på skogsbilveg merka parkering Raudkleiv. Same utgangspunkt som i fjor til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 683743
For å koma dit må du kjøra opp Oma-Åse vegen (avkøyrsle til høgre rett før butikken på Oma), og ta av til venstre på skogsbilveg merka parkering Raudkleiv. Same utgangspunkt som i fjor til Daurmålsegga.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ørnnotta er eit utsiktspunkt 580 m. over Oma. For å koma dit må du kjøra Oma-Åse vegen og ta av til venstre på skogsbilveg merka parkering Raudkleiv. Same utgangspunkt som i fjor til Daurmålsegga.

Denne turen er fin å gå som ein rundtur. Følg traktorvegen oppover mot Raudkleiv. Ved vegdele oppe i lia ta til venstre og følg stien skilta til Nystøl. På Nystøl ta til høgre over bekken og på merka sti til toppen. Dette er den slakaste vegen. Ned att, følg merka sti ned lia til Raudkleiv og stølsveg/traktorveg vidare nedover.

Andre vegen. Følg skogsvegen opp til Raudkleiv. Ørnnotta er den toppen som du ser i sør. Gå til venstre over bekken og følg merka sti opp den bratte lia. Ned: følg merka sti mot sørvest ned til Nystøl.Her tek du til venstre gjennom grinda, som du let att etter deg, og føl stien innover til traktorvegen igjen.