star
star
star
star
star

"Paradisrunda" ved Tollevshaugen i Grimsdalen, Dovre

Om turen: «Paradisrunda» er ein natur- og kulturstig på omlag 3,5 km som startar øvst i setergrenda Tollevshaugen i Grimsdalen i Dovre kommune. Stigen tar deg med til «Paradis» som er namnet på...
Foto: Steinar Tolf Jacobsen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 145179
Privat bomveg gjennom Grimsdalen frå Folldal/Fallet eller Dovre. Stigen startar ved parkeringsplassen (P) og informasjonspunkt på Tollevshaugen, ca. 39 km frå Dovre tettstad og ca. 11 km frå Fallet. Det er skilta til Tollevshaugen/Tollevshaugsetra frå Grimsdalsvegen. Det er parkering ved seterområdet. Grimsdalsvegen opnar ca 5. juni.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Om turen:

«Paradisrunda» er ein natur- og kulturstig på omlag 3,5 km som startar øvst i setergrenda Tollevshaugen i Grimsdalen i Dovre kommune. Stigen tar deg med til «Paradis» som er namnet på området aust og sør for setra. To kollar heiter Øvre og Nedre Paradis og har fin utsikt, men du går også gjennom gamal og storvokst og delvis tett furuskog.

Turbeskrivelse:

Stigen er ein rundtur og er merka med trepålar som er merka med blå vandrar. Pålane har nummer som refererer seg til omtale av 10 tema og punkt i eit vandrehefte, se https://www.dovre.kommune.no/_f/p4/i14afadb5-39f5-4fe5-a28e-0bda8b1974ab/turkart-19-gruvelistigen-i-grimsdalen.pdf [https://www.dovre.kommune.no/_f/p4/i14afadb5-39f5-4fe5-a28e-0bda8b1974ab/turkart-19-gruvelistigen-i-grimsdalen.pdf]. Det er ikkje informasjonspunkt ute i terrenget.

Seterområdet på Tollevshaugen ligg flott til med panoramautsikt til Rondane mot sør og vestover utover Grimsdalen.

Stigen startar og sluttar ved parkeringa og informasjonspunktet øvst i setergrenda. Gå til høgre for informasjonspunktet og start på stigen som går øvst/lengst til venstre. Dette er råket til Nedre Paradis. Ca. 500 m etter at du har passert Nedre Paradis, svinger stigen brått til høgre og går tilbake til Tollevshaugen, men eit godt stykke nedanfor Nedre Paradis. Sluttpunktet for stigen kjem inn på setra rett nedanfor stigen du starta.

Overnatting i nærheten (lurt å bestille):

Grimsdalshytta: www.grimsdalshytta.dnt.no [http://www.grimsdalshytta.dnt.no]

Bergseng seter: www.bergsengseter.no

Vill-campen nedenfor Grimsdalshytta